Kennel Skåtfjellet

Oppdrett av korthåra vorsteh!!!

 

 

 

 

 

 

 

         

 

 

Nyheiter 2014

 

14. desember:

 

No har alle kvalpane, unntatt Tella som me har sjølv, flytta til sine nye heimar og funne seg godt til rette. Dei har fått sine eigne sider her på skaatfjellet.no. Desse vil bli oppdaterte etterkvart. Sidene ligg under Bzt-kullets side.

Tella si side finn du i menyen til venstre.

 

Zanni på luftetur med to av dei små før dei reiste.

 

7. november:

 

Nye bilder av kvalpane:

 

Tellus ventar på mat og kos

 

Whiskey kosar seg.

 

 "Gje oss mat. Me er kjempeklare for det no!"

 

 

"Nam, nam. Smakte like godt som de lukta, jo... "

 

 

Fleire bilder av kvalpane lagt ut på Bzt-kullets side.

 

1. november:

 

Zanni har fått nytt navn:

 

Ho vil helst titulerast N J(K)CH Birkeskogens Zanni frå no av ;)

Me er stolte av denne herlege og gode hunden vår!

 

N J(K)CH Birkeskogens Zanni

 

 

24. oktober:

 

Vesle Pipa slappar av etter god mat frå mor Zanni ;)

 

Her kan du sjå film av kullet saman med mor Zanni og "tante" og storesøster Inka:

Zanni matar dei små.   (varer ca 5.5 minutt).

 

Fleire bilder her.

 

 

13. oktober:

 

Kvalpane veks og har det bra. No har dei opna augene sine, men det vil enno ta ei lita stund før dei ser og høyrer godt. Dei blir stasdig meir aktive, og to har allereie prøvd å komme seg ut av kvalpekassen.

 

Heile gjengen samla.

 

Tellus, Spa-Dam og Whiskey

 

To bestevennar.

 

Fleire bilder av dei, finn du her.

 

9. oktober:

 

Kvalpane har hatt sin første tur inn i stova og far til B-kullet, Stallogaisas Tell tok NM- Bronse med korthåra Vorstehlaget i NM Lag Lavland. Sjå bilde og les meir om dette her.

Sjå bilder på Bzt-kullet og les om Tell her.

 

8. oktober:

 

Inka gjekk i over 90 minutt og hadde fuglearbeid utan reis på Stordprøven 4. oktober. Dette resulterte i ein flott 2AK Skog!!!

 

Inka der ho likar seg best: på jakt ein flott høstdag ;)

 

1. oktober:

 

Kvalpane er fødde.

Det vart 3 tisper og 3 hannar. Det går fint med alle og Zanni er ei god mor og stellar og stullar med dei, og ser til at dei har det fint.

 

"Best å sjekke at alle har det fint og får i seg mat"

 

Alle har funne seg ein patte og smattar og kosar seg. Zanni prøver

å få slappe litt av, og.

 

Les meir om kullet på Bzt-kullet eiga side.

Vil du lese meir om oss på kennel Skåtfjellet, kan du gå til Om Oss.

 

24. september

 

Zanni har lagt godt på seg og forventa fødsel nærmar seg. Kvalpekassen er klar og Zanni syntes det var på sin plass å sjekke ut at den er slik ho vi ha den ;)

 

"Godkjendt og bra denne ;)" meinar Zanni

 

Bilde av Tell er lagt ut på BZT-kullets side.

 

2. september

 

Då er det bekrefta ved ultralyd: Zanni er drektig!! Om alt går bra framover, vil dermed Kennel Skåtfjellets 2. kull (BZT) bli født om ikkje så altfor lenge. Far til kullet er Stallogaisa's Tell. Les meir om kombinasjonen her.

 

Interessert i kvalp frå denne kombinasjonen, ta kontakt på lillet2@online.no eller tlf. 90884186

 

26. august

 

Høstens første jaktprøve

 

Zanni var i form i helga og fekk ein flott 2VK på VFKs prøve i Raggsteindalen 22. august. Ho gjekk dermed vidare til VK Finalen, men lukkast ikkje heilt der så det vart dessverre ingen premie på oss i finalend. Men Zanni søkte godt, så me er godt fornøgd med henne! Inka gjekk og vidare til finalen, men det vart ingen premie på henne. Det er nye sjansar kommande helg, så det blir spennande!

 

 

Birkeskogens Zanni

 

9. august:

 

Skåtfjellet har fått sin første champion!!

 

3. august fekk Skåtfjellets Azh Silva sitt 3. Cert på jakthundutstillinga på Båstad og har dermed oppnådd krava til Norsk Utstillings Championat! I tillegg slo ho like godt til med å vinne Gruppe 7 og deretter vinne Best In Show finalen! Me er stolte og glade og gratulerer eigar Mette Eknes så mykje! Me set stor pris på at eigar Mette reiser rundt og stiller ut Silva og dermed profilerer kennelen vår! Takk for det, Mette!

 

 

Dommer Bo Wallin med BIS-rosetten, Mette Eknes og Silva

(Foto: Jeff Eastmead)

 

Silvas veg til championatet

 

Silva fekk sin 1AK på Stordprøven 29. september i fjor og stillte for første gong i Bruksklassen på utstilling på NKK Bergen i april i år. Resultatet der vart CERT, CACIB og Best i Motsatt kjønn (BIM). På Vestlandets Fuglehundfestival i mai, kom det 2. CERTET og Silva vart Best i Rasen (BIR) og nr. 3 i Best in Show (BIS)-finalen.  I juni vart det Excellent og vinnar av bruksklassen på Rogaland Fuglehund klubb si utstilling i Sandnes. Så tok dei altså storeslem med sitt 3. CERT, Best i Rasen (BIR), Best i Gruppa (BIG) og Best in Show (BIS) på Båstad. Dermed var krava til Norsk Utstillings-Championat oppfyllt! Me er stolte og glade!

 

Silva i ringen

 

  

 

 

24. juni

 

Både Zanni og Inka fekk 1AK apport på Askøyprøven 22. juni!! Zanni vart beste AK hund med 29 poeng!!

Silva vann bruksklassen med Ecxellent på Rogaland Fuglehundklubbs utstilling same dag.

 

27. mai

 

Skåtfjellets Azh Silva fekk sitt 2. cert og vart BIR og BIS3 (nr. 3 i Best in Show finalen) på Vestlandets Fuglehundfestival 25. mai. No manglar kun ett Cert, så er ho Norsk Utstillings- Champion. Me gratulerer eigar Mette og Silva så mykje. Er stolte!

 

 

6. april

 

Cert og CACIB til Skåtfjellets Azh Silva

 

Me gratulerer Skåtfjellets Silva og eigar Mette Eknes med supre resultat på NKK utstilling i helga. Silva stilte for første gong i Bruksklassen og resultatet vart beste tispe, Cert, CACIB (innstilling til internasjonalt championat) og BIM (best i motsatt kjønn)!!

 

Silva

 

Til VK-finaler 3 helger på rad!

 

Det vart dessverre ikkje kvalpar på siste parringa mellom Zanni og Buno. Me vurdere å prøve igjen med ein ny hannhund seinare. I mellomtida får Zanni igjen vere jakt- og prøvehund og det har ho tydelegvis ingenting i mot. Ho viste raskt kva som bur i henne og kom like godt til finalen både på Mjølfjell- og på Geiloprøven trass minimalt med trening. På Geilo er det 3 dagars VK og Zanni kom heilt til finalen der ho var med til siste slutt. Dessverre vart det ingen fuglearbeid og dermed ingen premie, men er imponert over innsatsen hennar!

Inka var med i finalen både på Mjølfjell og Filefjell og i semifinalen på Geilo. Det vart dessverre ingen premie på henne heller, men synes det er bra å ha vore i finalen på dei tre siste prøvane; tre helger på rad!!

 

Inka i stand

 

 

9. februar

 

Då er Bruno tilbake og det er klart for ny parring av han og Zanni.

 

 

Meir info om det planlagde kullet finn du her.

 

2. januar 2014:

 

Kennel Skåtfjellet takkar for det gamle året og

ønskjer alle eit riktig godt nytt år!!

 

 

Kort oppsummering av 2013

 

2013 vart eit flott år for oss her på Skåtfjellet. Mange gode resultat vart oppnådd i løpet av året. Tom førte heile 4 ulike hundar til topp premieringar 3 ulike typar jaktprøvar: vinter, skog og høst.

 

Skåtfjellets Azh Inka 1AK, Geilo  (vinter)
Skåtfjellets Azh Silva 1AK + 2AK skog, Prøvens beste hund, Stord
Birkeskogens Zanni 1VK m/CK, Mjølfjell   (vinter)

N UCH Rugdelias OZC Lita

3VK Cacit finale, Raggsteindalen  (høst)

                  

Med Inka oppnådde Tom i tillegg 1AK Apport på Askøyprøven og saman med 1AK frå jaktprøve tidlegare, vart dermed 1AK samlekombinert oppnådd! Dette er me svært glade for og stolte av!!

 

I tillegg førte Jørund Brekke Skåtfjellets Azh Samba til 1AK på Geiloprøven. Dermed vart 3 kullsøstre frå A-kullet klare for VK same året!! To av dei på same prøven. Heilt supert!

 

Her sit tre av hundane Tom hadde full klaff med i år:

Silva, Zanni og Inka

 

Parringa av Zanni og Bruno vart det dessverre ikkje noko resultat av, men det blir ny parring så snart Zanni får si neste løpetid!

 

Me gler oss til å sjå kva 2014 bringer.

 

29. september:

 

Skåtfjellets Silva slo til med 1AK på Stord i dag!! Dermed har 3 av kullsøstrene 1AK og er klare for VK i vinter!! Blir spennande tider framover.

Gratulerer til eigar Mette Eknes som har gjort eit flott grunnarbeid med denne hunden!

 

 

28. september:

 

Tom førte Skåtfjellets AZH Silva til 2AK skog på Stordprøven i dag ;)

Dermed er 3 av hundane frå A-kullet premierte i AK.

 

Silva poserer så stolt med Røy skoten i Trysil

 

26. september:

 

Etter sjekk hos dyrlegen viser det seg at Zanni har gått tom. Dermed blir det ingen kvalpar denne gongen dessverre. Me prøver igjen med same kombinasjon på Zannis neste løpetid.

 

25. september:

 

Saman med gode jaktkompisar starta Tom jaktsesongen i Trysil i år. Heile 4 kullsøstre frå Skåtfjellets A-kull var med.

 

Søstrene "sisters" i Trysil: Samba, Inka, Black Susie og Silva

 

Skåtfjellets Silva til Mette Eknes, viste at ho hadde erfaring i skog og fann både orrfugl, tiur og røy.

 

Tom og Silva med Røya som vart skoten for henne

 

Det var ein fin start på jakta og alle hundane viste gode takter.

 

Jørund Brekke og Samba med Røy som vart skoten for henne.

 

I løpet av første veka av jaktsesongen vart det skote fugl for alle dei fire søstrene. For Silva og Samba i Trysil og for Inka og Black Susie til Torbjørn Søgaard i jaktterrenget Tom leiger her heime.

 

Tom og Inka med nyskoten orrfugl.

 

12. august:

 

Zanni og Bruno vart parra i helga!

 Dermed er det berre å vente og håpe det blir født friske og fine kvalpar om ca 2 månader ;) Blir spennande.

 

Bruno forsikrar seg om at Zanni er klar for parring.

Zanni og Bruno slappar av med solbading

 

Ta kontakt om du er ute etter ny jakthund og ønskjer kvalp frå denne kombinasjonen: tlf 90884186 eller email: lillet2@online.no.

 

 

26. juli:

 

Då har Zanni fått løpetid, så no er det ikkje mange dagane før det blir parring mellom henne og Sognexpressens CCL Bruno.

 

Zanni Bruno

 

Begge hundane er godt meritterte og godkjendte for avl i Norsk Vorstehhundklubb. Nærmare info om Zanni og Bruno finn du her.

 

Interessert i kvalp etter denne kombinasjonen, ta kontakt på tlf 90884186 eller email: lillet2@online.no.

 

 

26. juni:

 

23. juni var Zanni og Inka "hestar" framfor vogna til det flotte Jonsokbrudeparet på Oppheim. Sigrid og Marita ser til at alt går rett for seg ;)

 

Jonsokfeiring med jonsokbrudepar, brudefølgje og ekte "hundehestar"

framfor vogna ;)

 

25. juni

 

15. og 16. juni arrangerte NVK Hordaland apportprøve på Askøy. Tom lurte lenge på om han skulle stille Inka eller ei. Til slutt fann han ut at det skulle han, og det var ikkje så dumt. Inka gjorde jobben så bra at det vart 10 på alle tre øvelsane og dermed ein klar 1AK apport! NVK Hordaland kårar kvart år beste UK- og AK-hund på lørdagen og desse får ein Vandrepokal i sitt eige fram til neste års prøve. Tom og Inka vann denne i fjor og hadde den dermed med seg nedover til Askøy i år. Med Inka's supre resultat, vart pokalen like godt med opp att til Oppheim ;) Det me er mest fornøgd med er nok likevel at Inka med sin 1AK apport og 1AK vinter (april 2013), no har 1AK samlekombinert!!

 

Inka poserer stolt med pokalen.

 

5. juni

 

Helga 24.-26. mai deltok me på Vestlandets Fuglehundfestival. Det var eit variert program med mellom anna gode og interessante foredrag, apportkonkurranse og to utstillingar. Inka vart stillt kun lørdagen og fekk god kritikk og Excellent! Silva til Mette Eknes, fekk Excellent om lørdagen, vann åpen klasse med Excellent og CK, og vart 2. beste tispe bak Champion Rugdelias L'Aquila som vart BIR og 2BIS, om søndagen.

Me gratulerer Silva og Mette så mykje med flotte resultat!

 

Skåtfjellets AZH Silva med CK-rosetten sin.

 

Tom var med å arrangere apportkonkurranse og det var stor oppslutnad om denne.

 

Tom og Børge Follesøy (NVK) saman med vinnarane av apportkonkurransen, Helge Pedersen med pointer Luna og Arnstein Haugen og IS Moira.

 

10. mai:

 

Lagt inn meir info om Bruno på B-kullets side.

 

3. mai:

 

B-kullets side er oppdatert med prøveresultat for Zanni og Bruno.

 

1. mai:

 

Då er hannhund for Zannis neste kull bestemt.

Det blir Sognexpressens CCL Bruno eigd av Øystein Eriksen.

 

  foto: Øystein Eriksen

 

Meir info om denne hunden her.

 

14. april:

 

Geiloprøven vart ein ny opptur for Skåtfjellet.

På prøvens første dag, fredag 12.4, slo kullsøstrene Samba og Inka til med flotte søk og godkjendte fuglearbeid. Dette resulterte i 1AK til begge to!! Me er superstolte! Dette var stort! No er altså Inka og Samba klare for VK ;) Stort grattis til flink kvalpekjøpar og førar av Samba, Jørund Brekke! Blir spennande tider framover.

 

Inka og Samba etter super innsats på Geilo.

 

8. april:


Super helg for Kennel Skåtfjellet på Mjølfjellprøven

 

I helga stillte me Zanni, Inka og Silva på Mjølfjellprøven. Zanni stillte i vinnarklassen på lørdagen og ho var i storform. På vekslande føre søkte ho godt og varta opp med heile 3 godkjendte fuglearbeid!! Det var ein svært spennande dag med svært gode hundar.  Heile 7 av VK-hundane hadde godkjendte fuglearbeid og totalt sett vart det 11 godkjendte fuglearbeid i klassen! Dette er ikkje kvardagskost så desto meir spennande vart det. På slutten av dagen vart det klart at vinnaren, ja, det vart vår eigen Zanni! Ho fekk tildelt 1.VK med CK og jubelen kunne sleppast laus på Kennel Skåtfjellet. Dette var stort og me er stolte av vår gode hund, Zanni!

 

Tom og Zanni

 

På søndagen var det to av avkomma til Zanni som skulle i elden. Silva starta lovande, men bandt seg og lukkast dessverre ikkje denne gongen. Ho treng meir erfaring og trening, så ho blir nok prøvd igjen ved ein seinare anledning. Inka, derimot, viste nok ein gong at ho kan prestere på prøve. Ho slo til med godkjendt fuglearbeid og fekk tildelt ein flott 2AK! Dette er hennar 3. AK-premie denne vinteren, så me er godt fornøgd med dette.

 

Tom og Inka

 

11. mars:

 

Skåtfjellet's Inka tok ein ny 3AK på Brandsetprøven i går, 10. mars.

 

7. mars:

 

Då er det på høg tid med litt oppdateringar om kennel Skåtfjellet. Det viktigaste først: Me planlegg å parre Zanni til våren/sommaren. Info om hannhund vil komme. Les meir om Zanni her. Er du interressert i kvalp, ta kontakt med oss på tlf. 90884186 eller email: lillet2@online.no

 

 

   Birkeskogens Zanni

 

Ellers har Skåtfjellet's Inka fått ein ny jaktpremie. Ho fekk 3AK på Gaularfjellprøven lørdag 23. februar.

Våre gode venner Bjarte Søgaard og Knut Steinar Skiple fekk begge 1AK på sine hundar Fudge og Rocky. Me på Kennel Skåtfjellet gratulerer så masse!!!

 

 

IS Fudge til Bjarte Søgaard ES Rocky til Steinar Skiple

 

5. mars tok Skåtfjellet's Silva apportbeviset, så no har 4 av kvalpane i A-kullet dette på plass. Me gratulerer Silva og eigar Mette så mykje.

 

Skåtfjellet's AZH Silva

 

 

 

Nyheiter 2012

 

21. juli:

 

Då er alle kvalpane i A-kullet røntga for HD, og alle er fri med A-hofter! Jippi!!

 

5. juli:

 

Helga 15.-17. juni gjekk Vestlandets Fuglehundfestival av stabelen i Espeland Leir. Skåtfjellet var representert med Inka, Zita, Silva og Su på lørdagen og Birk, Inka og Silva på søndagen. Takk til flinke kvalpekjøparar som kjem og stiller hundane sine.

 

Silva strålte og innfridde på lørdagen. Ho tok sin strake excellent med CK for tredje gongen på rad! Supert!! Me gratulerer eigar Mette og Silva så mykje!

Silva deltok og i agilityoppvisninga på søndagen og ho viste mellom anna ein flott slalom.

 

Foto: Monica Finsrud Grimstad

Silva med sin CK

 

Inkas handlar for helga var Marita og ho gjorde ein flott jobb! På lørdagen deltok ho og veninne Cathrine i barn og hund konkurransen. Marita med Lita til Torbjørn og Cathrine med Inka. Dei gjorde ein flott jobb i ringen og me håpar det gav meirsmak slik at dei blir med ein annan gong, og :)

 

Foto: Mette Eknes

Marita og Lita i flott driv.

 

Foto: M. Eknes

Inka flott oppstilt av flink førar Cathrine.

 

Ellers vil me gratulere Torbjørn Søgård og Rugdelias Lita med BIR og 3BIS på lørdagen!! Supert! Gratulerer og så mykje til kennel Rugdelia som fekk HP i både oppdrett og avl beggge dagane og vart BIS med Rugdelias Luzilla!

 

 

10. juni:

 

I helga arrangerte Hordalandsgruppen, Norsk Vorsteher Klubb, sin årlege apportprøve på Askøy. Inka vart stilt for første gong i AK og ho skuffa ikkje. Ho har ikkje fått så mykje trening før prøven i år, men klarte likevel å prestere til 2AK lørdag og 1AK!! søndag. Ho vart kåra til beste AK hund lørdag og fekk dermed med seg NVK Hordalands vandrepokal i apport. Er kjempefornøgd med denne hunden!

 

 

                Inka med rype, foto: Tom

 

 

I tillegg har Skåtfjellets AZH Black Susie tatt apportbeviset og har A-hofter (HD-fri!).

 

27. mai:

 

Då er Skåtfjellets AZH Inka og Skåtfjellets AZH Timax røntga og begge har A-hofter, dvs. dei er HD-frie!! Dette er svært gode nyheter. Takk til gode kvalpekjøparar som ser viktigheten i å sjekke HD-status på hundane sine!! Det er viktig både for avlen vidare og for livskvaliteten til hundane.

 

Timax. Foto: Annica Westman

 

20. april:

Skåtfjellets AZH Samba tok apportbeviset 31. mars. Gratulerer så masse til Jørund og Samba ;)

 

27. mars:

Inka debuterte i AK på Filefjellsprøven 25. mars. det vart ingen premie, men ho fekk god kritikk, så me er stolte av henne ;)

 

24. mars:

 

Zanni fekk 2VK på Filefjellsprøven i går, nøyaktig 2 år etter at hennar første kull vart fødd :) Ho vart dermed kvalifisert til finalen i vinnarklassen og startar der i dag. Spennande.

 

 

Zanni er klar :)

 

23. mars:

 

I dag er det nøyaktig 2 år sidan A-kullet vart fødde. Tida har gått kjempefort og hundane har det bra. Så langt har to av kvalpane fått jaktpremiar og 2 fått apportpremiar. Alle har vore stilt på utstilling og fått gode kritikkar og resultat. Dei to som er røntga, har begge A-hofter. Me er veldig fornøgd med dei alle saman. Gratulerer med 2 års dagen til Birk, Timax, Black Susie, Samba, Silva, Zita og Inka :)

 

Her er mor Zanni med to av sine "små": Inka og Silva

 

Den stolte mor, Birkeskogens Zanni.

 

16. mars:

 

I dag vart 3 av hundane frå A-kullet stillt på Mjølfjellprøven og to av dei fekk premie! Inka fekk ein ny 2UK og Samba tok sin andre 3UK. Silva jobba bra og fekk 4 slepp men kom ikkje i fugl så ingen premie på henne dessverre. Gratulerer så masse til Jørund og Samba og til Bjarte som fekk ein ny 1UK på sin hund!!! Imponerande og heilt supert :)

 

Inka imponerer og med å ta premiar på dei fleste startane ho har. Ho har teft for å finne fugl. På årsmøtet til VFK fekk ho pokal for å ha vunne unghundtrofeet for 2011.  

 

Inka poserer med unghundtrofeet sitt ;)

 

12. mars:

 

Me vil gratulere Torbjørn Søgaard og Rugdelias Lita med 1VK!!! på Brandsetprøven i helga :) Kjempeflott!!! Jan og US Diego fekk seg ein ny 2UK. Gratulerer så mykje!

 

Torbjørn og Lita

 

9. mars:

 

Starten på vinterens jaktprøvesesong har vore god for Skåtfjellet. Skåtfjellets Inka fekk seg ein ny 2UK på Gaularprøven forrige helg og i dag fekk kullsøster

Samba sin første premie. Gratulerer så mykje til Jørund

og Samba med 3UK på Hemsedalsprøven i dag ;)

Flott jobba!!

 

Ei ung Samba i stand på rypevinge.

 

I tillegg klarte våre venner Bjarte Søgaard og Jan Christian Jersin å få kvar sin premie på sine hundar i dag. Bjarte med 1UK og Jan med 2UK. Gratulerer så mykje!

 

26. februar:

 

Då er det snart tid for vinterprøvane og treninga er godt i gang.

Nedanfor ser de Skåtfjellets AZH Black Susie i stram rypestand.

 

 

4. februar deltok Zanni, Inka og Silva på Vestlandets Fuglehundklubb`s årlege klubbmesterskap, Bergensdekkenet. Dessverre var det ikkje fugl å finne den dagen, så vinnarane vart derfor kåra på bakgrunn av sitt søk. Det er alltids kjekkast når det er mykje fugl og gode fuglesituasjonar, men me hadde likevel ein fin dag i fjellet saman med kjekke fuglehundfolk og hundar ;) Flinke dommarar var Øystein Johnsen og Andreas Storegjerde. I UK vann Jan Christian Jersin med sin irske setter US Diego, mens det AK var engelsk setter Trollsteggens H-Rapp til Tove Lian Mathisen som vart kåra til den beste søkjaren. Me på kennel Skåtfjellet gratulerer så masse :)

 

26. januar:

 

På årsmøtet til NVK Hordaland på tirsdag vart det valgt nytt styre og utdelt vandrepokalar til årets hundar. Tom og Inka forsynte seg godt av premiebordet:

Heile 3 pokalar vart med heim til Oppheim :)

 

Inka med sine pokalar for:

 

Årets mest framgangsrike, tidl. upremierte 2011

Årets Unghund 2011

Årets Allround hund 2011

 

Dette er me sjølvsagt stolte over og ekstra kjekt når det er med sjølvoppdretta hund!



Nyheier 2011:

 

15. november:

 

 

Definitivt på høg tid å oppdatere litt. Altfor lenge sidan. Sorry!

Sidan sist har Inka deltatt i Norsk Derby og Unghund Grand Prix med gode resultat. I Derby kom ho til semifinalen og vart nr. 8. Dessverre hadde ho ikkje fuglearbeid denne gongen, men ho leverte opp mot sitt beste søksmessig og var den vorsteheren som var med lengst, så me er fornøgd med innsatsen hennar.

I unghiund Grand Prix på Rjukan kom Inka til finalen, men det vart dessverre ingen premie sjølvom ho denne gongen hadde godkjendt fuglearbeid. Ho ligg no på 2. plass på lista over unghundar i Vorstehundcupen, og på 5. plass totalt, så me er me rette stolte av denne hunden!

Ellers har Tom felt fugl for henne i høst og film av hennar første rype finn du ved å klikke her.

Fleire filmar på videosida.

 

14. september:

På høg tid med ny oppdatering!!

Altfor lenge sidan sist. Beklagar det. Då har jaktsesongen starta og det blir spennande å sjå om det blir fugl i sekken ;)Det har blitt både jaktprøve- og apportprøvestartar på fleire av Skåtfjellshundane denne sommaren og hausten. Sidan sist har Inka og Black Susie fått henholdsvis 1uk og 2ukapportprøve på Holleia 23.-24. juli.

Ellers har Inka fått to nye 2UK jaktprøvene i Raggsteindalen 20.-22. august og på Geilo 26.-28. august.

Inka ligg no på topp for unghundar i Vorstehundcupen og på 4. plass totalt. Er stolt av denne hunden ;)

 

17. juli:

Nytt flott utstillingsresultat!

Timax har debutert i agility og fått Excellent på utstilling. Dette skjedde på NKK utstillinga helga 2.-3. juli i Trondheim. Gratulerer så masse til eigarane Jørn Ivar og Annica!! No har alle kvalpane i vårt første kull deltatt på utstilling og 6 av 7 har fått excellent, 1 very good. Dette er me svært fornøgd med og gler oss til hausten og jaktprøvane. Fleire er påmeldte så det blir spennade å sjå korleis det går. Vil takke alle kvalpekjøparane som tar så godt vare på hundane og er så aktive med dei!! Dette set me stor pris på!

 

24. juni:

Helga 18.-19. juni arrangerte Norsk Vorstehhund klubb Hordalandsgruppen apportprøve på Askøy. Det vart ei flott helg for oss på Skåtfjellet. Skåtfjellets Inka debuterte og fekk to flotte 2UK med 10 på søk apport-delen begge dagane. Mor Zanni viste at ho ikkje hadde glømt sine apportkunstar og slo like godt til med 3x10 både lørdag og søndag. Ho vart i tillegg prøvens beste hund begge dagar og vann vandrepokalen i apport lørdagen!! Ei kjekk helg med kjekke folk og hundar på den flotte plassen Ask på Askøy. Ein stor takk til arrangørane for prøven for flott jobb!

 

Tom med pokalen til Zanni, Inka og Zanni på Ask

 

7. juni:

Vestlandets Fuglehundfestival vart arrangert helga 27.-29. mai og Kennel Skåtfjellet  var godt representert. Heile 6 av kvalpane frå A-kullet deltok på utstilling og to prøvde seg på apportbevis. Det vart mange og flotte resultat og hederspremiar for både avl og oppdrett til kennel Skåtfjellet. Kennelen vart i tillegg kåra til Beste avlsklasse og beste oppdrettsklasse lørdagen og beste avlsklasse søndag. Utstillingsresultata ellers vart som følger:

 

Lørdag:

 

Skåtfjellets Zita Excellent med CK Nr. 1 i juniorklassen 3. beste tispe
Skåtfjellets Samba Excellent med CK Nr. 2 i juniorklassen 4. beste tispe
Skåtfjellets Silva Excellent med CK Nr. 3 i juniorklassen
Skåtfjellets Inka Very good
Skåtfjellets Susie Very good
Skåtfjellets Birk Excellent med CK Nr. 1 i juniorklassen Beste hannhund

Best i motsatt

kjønn (BIM)

 

Søndag:

 

Skåtfjellets Zita Excellent Nr. 2 i juniorklassen
Skåtfjellets Samba Very good
Skåtfjellets Silva Excellent med CK Nr. 1 i juniorklassen 2. beste tispe
Skåtfjellets Inka Excellent Nr. 3 i juniorklassen

 

Dette er resultat me er kjempefornøgde med!! Tusen takk til kvalpekjøparane som stilte ut sine hundar og stort grattis til alle for flotte resultat ;)

 

I tillegg fekk Inka sitt apportbevis denne helga, så ein kan sei det var ei vellukka og kjekk helg. Gode resultat og godt og triveleg selskap ;)

 

                      

Frå avlsklassen søndag: Zanni, Silva, Inka, Zita og Samba

 

 

3. mai:

Skåtfjellets Ti-Max og førar Annica oppnådde heile 193 poeng i klasse 1 i Lydighet på lørdag! Totalt kan ein oppnå 200 poeng og for kvar enkelt øvelse i programmet kan ein maksimalt få 10 poeng. Ti-Max og Annica fekk minimum 9 på alle øvelsane, så dette er svært bra! Med dette flotte resultat fekk Ti-Max opprykk til klasse 2 og bronsemerket i lydighet. Veldig bra jobba Jørn Ivar og Annica.  Me på Kennel Skåtfjellet gratulerer så masse!! Kjempeflott!

 

Timax. Foto: Annica Vestman

 

Sjå film frå konkurransen her.

 

21. april:

Gode resultat for Skåtfjellet på Geiloprøven.

I forbindelse med at Buskerud Jeger og fiskeforening var 100 år vart det arrangert utstilling for ståande fuglehundar fredag 8.april og deretter tre dagar med jaktprøvar. Skåtfjellet var representert alle dagane. På fredagen stilte Skåtfjellets AZH Samba med handlar Lea Brekke, 11 år, på utstillinga. Det gjekk strålande og resulterte i Excellent (det som før var 1. premie) med CK (champion kvalitet), Beste tispe (1BTK) og Best i motsatt kjønn (BIM)! Dei beste unghundane innan kvar rase konkurrerte så mot kvarandre og jammen sikra Samba seg seieren som beste unghund! Skåtfjellet gratulerer så masse!!!

 

 

Inka vart stilt både lørdag, søndag og mandag og gjekk godt. Ho sikra seg like godt 2x2UK etter fine og presise fuglearbeid ;)

Skåtfjellets AZH Black Susie debuterte på mandagen, men lukkast dessverre ikkje denne gongen. Ho kjem garantert sterkare tilbake til hausten!!

 

4. april:

Inka klarar det igjen!

Ho og kullsøster Silva gjekk mot kvarandre i 1. slepp på Mjølfjellsprøvens siste dag, 3. april. Det vart ein pangstart på dagen. Inka og Silva tok etter kort tid  stand på samme fugl. På kommando reiser dei begge ryper, Inka var roleg, men nybegynnar Silva klarte ikkje dy seg og sprang rundt 30-40 meter etter. Ho kom imidlertid raskt tilbake. Dessverre klarte ikkje førar Mette å roe henne raskt nok ned til at ho fekk godkjendt fuglearbeid. Inka derimot var komplett roleg og fekk godkjendt. Det hadde ikkje gått så mange minuttane før Inka igjen fekk fert av fugl og tok ein stilfull stand. Søster Silva sekunderte spontant. Det var flott å sjå dei to stå der etter kvarandre. Inka gjorde igjen eit perfekt fuglearbeid og fekk godkjendt sitt andre for dagen! På til dels tungt føre dabba farten til Inka litt for mykje i andre slepp, men ho hadde gjort sine saker så bra at ho igjen vart premiert med ein flott 2. UK. Hennar andre premie på Mjølfjellsprøven og dermed 100% uttelling for hennar del!!! Debutantane Silva og Mette vart ei erfaring rikare og fekk ein peikepinn på kva som må forbetrast til neste gong. Til no har tre av kullsøstrene vorte stilt på prøve og neste helg debuterer kullsøster nummer fire. Blir spennande!

 

2. april:

Nye premiar for Skåtfjellhundane.

 

Etter to dagar og to startar på Mjølfjellsprøven, som foregår denne helga, har kennel Skåtfjellet fått to premiar av to mulige. I dag, lørdag 2. april, varta Zanni opp med  fuglearbeid og sikra seg 6VK (6. plass i vinnarklassen). Ikkje verst når ein tenkjer på oppladinga hennar. Veldig rolege dagar i lang tid på grunn av ein knekt hale.

 

Tom og Inka etter 1UK på Brandsetprøven

Foto: Trond Leganger

 

Fredag 1. april varta Inka opp med to fuglearbeid og sikra seg sin tredje premie i unghundklassen. I andre sleppet viste ho eit av sine supre fuglearbeid: fast stand, reis og komplett roleg i oppflukt og skudd! Med denne starten og eit godt søk låg ho an til 1. premie. I tredje sleppet vart ho slått i fugl (for andre gong) og dermed vart det nok ein 2. premie (2UK) til godjenta Inka. Dermed har Inka tatt premiar på tre prøvar på rad!

På Brandsetprøven forrige helg presterte Inka sitt aller beste med flott søk og eit fuglearbeid som held til og med i vk. Prestasjonen på Brandset vart premiert med 1. premie (1UK). Hurra!!! Dermed er Inka kvalifisert til å delta i Norsk Derby for unghundar :)

 

 

23. mars:

I dag fyller AZH kullet 1 år. Gratulerer til alle :)

 

 

 

22. mars:

Avkomma til Zanni og Hermann ser ut til å utvikle seg bra. Fleire av dei viser svært gode takter i fjellet. Skåtfjellets Samba til Jørund Brekke har hatt mange flotte fuglearbeid og nokre av desse er festa til filmen.

 

Ei ung Samba trener på rypevinge.

 

Inka fortset å gjere det bra og det blir stadig laga nye filmar av hennar fuglearbeid. Den først jaktpremien er og i boks. Inka var stilt på Filefjellsprøven fredag 18. mars og varta opp med godt søk og flott fuglearbeid. Ho fekk god kritikk og vart belønna med ein flott 2. premie i unghundklassen (2UK). Ikkje verst det for ein unghund på kun 11 månader.

Fleire frå kullet er påmeldt prøvar, så det blir spennande tider framover.

 

Inka i stand på rype.

 

Mor Zanni har dessverre knekt halen sin, men med tolmod, ro og godt stell håpar me ho blir heilt bra att, og klar til å stille på prøvar etter kvart.

 

Her kan du sjå film av eitt av Inkas fuglearbeid på ein treningstur.

 

29-30. januar:
Flott helg for kennel Skåtfjellet!
Lørdag 29.1 gjekk Bergensdekkenet av stabelen på Brandseth. Dette er ein uoffisiell jaktprøve som årleg vert arrangert av Vestlandets Fuglehund Klubb (VFK). Prøven er åpen for medlemmar i VFK og både UK og AK hundar kan delta, 10 månader gamle Skåtfjellets Inka debuterte og gjorde ein fin figur på prøven. Ho hadde godkjendt fuglearbeid og vart nestbeste unghund!
Flott debut og ei erfaring rikare :)

Kullsøster Zita deltok, og, men kom ikkje i fugl
denne gongen. Blir spennande å følgje utviklinga deira framover.

 

Dei tre beste hundane i ak/uk

 

På søndagen var det klart for rasepokalløpet, ein uoffisiell jaktprøve der kvar raseklubb stiller lag som konkurrerer mot kvarandre. Det er fire hundar på kvart lag og Zanni var tatt ut til å delta på laget til korthåra vorsteh. Dei andre på laget var Lita og Sim Sala Bim til Torbjørn Søgård og Gunvald til Hans Frode Hitland. Alle gjorde ein flott jobb og sikra like godt sigeren til korthårslaget!!
Kjekk helg med andre ord, og fin start på sesongen.

 

Vinnarlaget av rasepokalløpet 2011 med dommere

 

Me gratulerer Mette Eknes og Silva med BIR, BIG 4 og knall-kritikkar på kvalpeskue, KJEMPEFLOTT!!

 

 

Etter ein travel sommar og mykje "kjeft" frå kvelpekjøparar og andre prøver me no og oppdatera heimesida vår.

 

Zanni er blitt seg sjølv igjen etter kvelpinga og alle kvelpane(unntatt ei som me har att sjølv) er leverte til flinke og hyggelege eigarar rundtom i landet.Azh kullet

 

9 1/2 veke etter fødselen hadde me meldt Zanni på apportprøve på Espeland. Her viste ho kva ho er god for, vart beste hund og skåra full pott:

 

 10 på vatn

 10 på land

10 på søk

 

Og dermed kom ho inn i 30 poengsklubben.

 

Haustprøvane.

 

Allereie på den fyrste haustprøven, klinte Zanni til med 1 VK m. CK.

 

 

                                           

                       Birkeskogens Zanni                                                 Teiens Hermann

 

 

          

      Mor og barn

 

Åtte kvelper født 23.03.2010 tre hanner og fem tisper!!

Kontaktperson: Tom Lilletvedt tlf.90884186 e-post: lillet2@online.no

www.skaatfjellet.no
.