Om Oss

Kennel Skåtfjellet

Oppdrett av korthåra vorsteh

Om oss

Kennel Skåtfjellet er ein liten kennel som held til på Oppheim i Voss kommune ca to timar frå Bergen.

Vårt hovudmål er å avla fram korhåra vorsteh som ein god jakt- og prøvehund samtidig som den skal vere ein velfungerande familiehund.

Avlstispa vår er for tiden Birkeskogen's Zanni. Ei heilbrun tispe med godt gemytt og gode jakt-og viltfinnareigenskaper. Ho har vore ein fantastisk hund heilt ifrå me fekk henne som liten. Lettdressert og ein framifrå familiehund.

 

Tom, Zanni og Inka

Me har tre ungar og dei kosar seg ilag med hundane kvar einaste dag. Då Zanni var 7 månader var ho med på sin fyrste skikkelege jakt-tur og viste allereie då at det budde mykje bra i ho. Og etter kvart melde me hunden på fuglehundprøvar som bekrefta det me hadde sett. Dette førte så til at me ville prøva og avla på Zanni. For vårt første kull (fødde i 2010) fall valet av hannhund på svenske Teiens Hermann, ein nesten heilsvart hannhund som gjekk rett til topps på kort tid. Me valde å behalde ei av tispene frå dette kullet, den heilsvarte Inka. Akkurat som mora er ho ein enkel og grei hund som er ein super jakthund og har gjort det bra på jaktprøvar.

I 2015 kom vårt 2. kull på Zanni og denne gongen vart det Stallogaisa's Tell som vart valgt som far. Les meir om han og Zanni her. Frå B-kullet beheldt me Tella og ho har vist gode takter. Ho har alt fått sin første premie på jaktprøve, 1UK!! Ein spennande hund som det skal bli kjekt å følgje vidare. Begge kulla våre har eigne sider som du finn i menyen til venstre.

Kvar av kvalpane frå begge kula har og fått sine sider. Desse finn ein om ein går inn på Azh-kullet. Kvalpane i B-kullet har og fått eigne sider og desse finn ein under Bzt-kullet. Det er alltid kjekt å kunne følgje med på korleis det går med dei og dei nye eigarane sine.

--------------------------------------------------------------------------------------------

Kontaktperson: Tom Lilletvedt, tlf 90884186, e-post: lillet2@online.no