Nytt kvalpekull CIB

Kennel Skåtfjellet

Oppdrett av korthåra vorsteh

Litt om foreldra til Skåtfjellet's CIB-kull:

Mor: Skåtfjellets Azh Inka

Far: Balto, eigar: Aksel Mowatt-Larsen

Litt info om kullets foreldre:

 

Balto, Regnr NO38256/13, er etter Aron, (10454/06) og Ulvesvollens FTF Ylva (18753/07). Han er ein avbalansert overskuddshund som 10. mars fekk ein flott 3VK på Gaularfjellprøven. Frå før har han 1. og 2.AK skog. Han er ung og sprek, og me er rimeleg sikre på at han kjem til å koma fleire gongar på listene i VK :) Hans foreldre har svært gode resultat å vise til så me forventar gode jakthundar frå denne kombinasjonen.

Balto fekk sin neste VK-premie på Mjølfjell: 4.VK!

 

Vår eiga Inka er ein super viltfinnar og ho har både 1UK og 1AK på jaktprøver og apportprøvar. På utstilling har ho excellent. Ho er dessutan ein svært snill og omgjengelg hund og det legg me stor vekt på at våre hundar skal vere. Les meir om henne på hennar eiga side.

Ingen tvil om at Inka og Balto treivst i lag iallefall:

Inka var god og rund, så det var spennande dagar før fødselen.

7. april fødte ho 8 kvalpar. Dessverre var den eine død, men dei andre 7 klarar seg fint. Det vart 3 tisper og 4 hannar.

Inka med sine herlege små. Ho er stolt og flink mor.

--------------------------------------------------------------------------------------------

Kontaktperson: Tom Lilletvedt, tlf 90884186, e-post: lillet2@online.no