Nyheter2015

Kennel Skåtfjellet

Oppdrett av korthåra vorsteh

 

Nyheter 2015:

 

På grunn av fleire ulike faktorar fekk me dessverre ikkje oppdater websida i 2015.

 

Men me var akive med hundane likevel og gode resultat vart oppnådd både av våre hundar og kvalpekjøparanes hundar.

 

Skåtfjellets Azh Silva gjorde det godt på utstillingar i løpet av året. Ho vart Best i rasen (BIR) med CACIB på NKK Bergen i april, på Norges største utstilling Fellesutstillinga vart ho Beste tispe og BIM. Deretter vart det Excellent med CK begge dagar på Vestlandets (4Beste tispe lørdagen) Vestlandets Fuglehundfestival 30.-31. mai.

I juli drog eigar Mette Eknes og Silva til Piteå i Sverige for å prøve å få Svensk tittel og jammen klarte dei det: Silva vart dermed Svensk Utstillings Champion!!! Hennar nye navn var dermed: N SE UCH Skåtfjellets Azh Silva.

 

 

På Europautstillinga, som vart avholdt i Oslo for første gong, vart det Excellent (tilsvarar Excellent med CK til vanleg) og nr. 3 i Championklassen i hard konkurranse med flotte representantar for rasen frå utlandet.

 

På Norsk Vinnar 20015 fekk Silva excellent med CK og vart 3. beste tispe.

 

Vår eigen Zanni gjorde det igjen godt på prøvefronten:

20. mars vart det 2VK på Filefjell og

4.september fekk ho 1VK Kvalik NM høgfjell på Kongsvoll.

 

Me var stolte då vårt nye håp, Tella, slo til og fekk 1UK på Rjukan 4. oktober! No var ho m.a. kvalifisert for Sør Norsk Unghundmesterskap som foregår første helga i april på Filefjell. Spennande!

 

Skåtfjellets Bzt Saga til Lisbeth Ottesen fekk 3UK på høsten!

 

I dei uoffisielle klassane på Vestlandets Fuglehundfestival vart det BIR og Best in Show kvalp til KV Skåtfjellets Bzt Tinn-Tellus til Siissel Bergesen lørdagen. Kullsøster Skåtfjellets Bzt Tella til Tom Lilletvedt vart BIM kvalp. På søndagen vart Tinn-Tellus BIR og BIS2 valp.

 

Tella

 

Det vart og arrangert uoffisiell apportkonkurranse og der vann Tinn-Tellus klassen for unghundar, mens Silva vart nr. 3 i klassen for hundar over 2 år.

 

På Årsmøtet til NVK Hordaland vart Zanni kåra til Årets Vorstehhund for 2015!

 

 

Tom mottar pokalen saman med dei andre pokalvinnarane på Årsmøtet i desember.

 

 

 

 

 

--------------------------------------------------------------------------------------------

Kontaktperson: Tom Lilletvedt, tlf 90884186, e-post: lillet2@online.no