Nyheiter2016

Kennel Skåtfjellet

Oppdrett av korthåra vorsteh

Nyheiter 2016

 

2. oktober:

 

Gratulerer så masse med 2 års dagen til B-kullet: Tella, Tinn-Tellus, Saga, Isco, Emma og Foss.

 

Tella brukte bursdagen til sikre seg VK-billetten. Ho og Tom stillte på Stordprøven og det resulterte i 1AK Skog etter Tellas første fuglearbeid på orrfugl!

 

Forrige helg stillte Tom og Tella i Norsk Derby på Kongsvold. Fredag 23. september fekk Tella vist sitt flotte søk og etter eit flott fuglearbeid vart ho belønna med 1. premie Derby kvalifisering og vann dermed partiet sitt!!! Dermed var ho klar for semifinaen og der varta ho opp med 2 fuglearbeid og fekk 5. premie Derby Semifinale. Ho var dermed klar for finalen som einaste vorsteh. Dessverre lukkast ho ikkje heilt der, så det vart ingen premie den dagen, men me er kjempefornøgde!! Ikkje kvardagskost å komme heilt til finalen på denne prestisjefulle prøven og å få med seg heim ein 1. premie og ein 5. premie frå dei innleiande rundane er berre heilt supert! Me har altså hatt to kjempeflotte helger!

 

11. september:

 

Då er jakta i gang og Tom og hundane har dratt avgårde nordover.

Forrige helg stilte Tom og Tella på Kongsvoll og då vart det ein 3UK.

 

 

Sissel Bergesen og Tinn-Tellus har blitt nokre skikkelege premiesankarar og tok like godt 2 x 2UK på Kongsvoll.

 

Me er stolte og gratulerer dei så masse!

 

 

 

29. august:

 

Då er det på høg tid å oppdatere litt. Det har blitt mange og flotte premiar på Skåtfjellhundane i det siste. Me er så stolte og glade for å ha så flinke og ivrige kvalpekjøparar!! Takk til alle for alt de gjer for og med hundane deka!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På Askøyprøven i juni fekk Tinn-Tellus 1UK apport begge dagar og fekk NVKś vandrepokal på lødagen som beste UK-hund!! Han vart og beste hund søndagen. På Geiloprøven i helga vart det 2 ganger 2UK!!! Heilt supert! Grattis ;)

 

 

 

Isco og Wenche Dørmænen oppnådde 1UK apport og 2UK apport på Holleia i juli!!! Supert, grattis ;)

 

Saga til Lisbeth Ottesen fekk 3UK på Geiloprøven og fleire resultat kjem nok snart!!! Stort grattis !!

 

 

Silva fekk excellent med CK og vinnar av Championklassen på utstillinga på dei Nordiske Jakt og Fiskedagane på Elverum i starten av august.

 

 

 

Vår eiga Tella har imponert oss og oppnådde 1UK både i Raggsteindalen og på Geiloprøven. Ho har dermed oppnådd fire 1UK på rad (3 på høstprøvar) og dette er me svært stolte og glade for. No gler me oss til å stille henne i Norsk Derby og Rjukan Grand Prix.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Planen for Zanni er NM høgfjell kommande helg.

 

Blir spennande!

 

13. mai:

 

Tinn-Tellus fekk ny premie på Hovden 2 - prøven. 16. april vart det ein fin 3UK! Gratulerer så masse til eigarar Sissel og Endre-Gunnar!

 

Tinn´s eiga side er oppdatert.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

9. april:

 

Flott start på Geiloprøven: 1UK til vår eigen Tella i går og 2UK til Tinn-Tellus i dag ;)

Gratulerer så mykje til Tinn-Tellus`s eigarar Sissel og Endre Gunnar Bergesen!

 

 

4. april 2016

 

Tella kom til finalen i Sør-Norsk Mesterskap på Filefjell i helga! Ho kom dessverre ikkje i fugl og det vart ingen premie, men er jo bra å ha komt til finalen iallefall ;)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

April 2016

Då er endeleg websida til Kennel Skåtfjellet oppe igjen etter å ha lagt nede ei stund pga skifte av ny webeditor som det tok si tid å få sidene over i.

Azh-kullet passerte 6 år den 23. mars og Bzt-kullet har passert 1 år. Skåtfjellets Azh Silva vart Svensk Utstillings-Champion sommaren 20015 og to frå Bzt-kullet har så langt blitt premierte på jaktprøver. Det blir spennande å sjå korleis det vil gå på vinterens prøvar.

 

Dei som har fått premiar til no er: vår eigen Skåtfjellets Bzt Tella som fekk 1UK og Skåtfjellets Bzt Saga som fekk ein 3UK i løpet av høsten.Gratulerer så masse til Lisbeth Ottesen og Saga! Det blir nok fleire premieringar snart, tenkjer me. I helga skal Tella delta på Sør-Norsk Unghundmesterskap på Filefjell saman med andre unghundar som har fått seg ein eller fleire 1UK-premieringar. Det blir spennande.

Ellers har Zanni fått 2 nye VK premiar i løpet av 20015, ein 2VK på Filefjell 20. mars og 1VK Kvalifisering NM høgfjell på Kongsvoll. Ho vart og Årets Vorstehhund i NVK Hordaland for 2015.

Les meir om nyhetene frå 2015 her.

 

--------------------------------------------------------------------------------------------

Kontaktperson: Tom Lilletvedt, tlf 90884186, e-post: lillet2@online.no