Nyheiter

Kennel Skåtfjellet

Oppdrett av korthåra vorsteh

Nyheiter 2017:

 

 

30.desember:

 

Tinn-Tellus har blitt far!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

11. desember vart 8 kvalpar født hjå Kennel Vikafjellet.

Far til kullet er altså Skåtfjellets Bzt Tinn-Tellus. Mor er Doktordalens Tuva.

Begge er jaktprøve og utstillingspremierte og trivelege familiehundar.

Interessert i kvap ta kontakt med og les meir om kullet på: Kennel Vikafjellet.

 

30. august:

 

På høg tid med litt oppdatering.

 

 

På sin første start i AK, på apportprøven på Holleia, oppnådde matmor Wenche Dørmænen og Isco ein super 2AK!!! Østmarkaprøven 21. august, vart det ein ny 2AK. Frå før har Isco 1x1UK, 1x2UK og 1x3UK.

Dette er de gode på!!

Me er stolte og gratulerer så masse!!!

 

 

 

 

 

 

 

 

Silva og matmor Mette tok turen til Sverige og den internasjonale utstillinga i Askersund i håp om å få CACIB, og jammen klarte dei det!!

Silva fekk Exc.CHK, 1CHKK, CK, CACIB, 1BTK og vart BIM!! Med sin 1AK Skog, Norsk og Svensk Championat og sine to Norske CACIB har ho dermed oppnådd kravet for Internasjonalt Utstillings Championat!!!

Wow, me er stolte og glade og gratulerer Mette og Silva så masse!!

 

 

 

 

 

 

 

 

8. juli:

 

Tinn-Tellus og Sissel Bergesen har gjort det godt på apportprøvar i sommar. På Askøy, 25. juni, oppnådde Tinn å få sin første 1AK apport! Helga etter stilte dei på Horveprøven og der slo verkeleg Tinn til: 1AK apport med full pott: 30 poeng!!!

 

Me er stolte og gratulerer Sissel så masse!!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

14. juni:

 

Då har kvalpane fått nye heimar og dei skal etter kvart få sine eigne sider her på heimesida vår. Me ønskjer dei nye eigarane lykke til med kvalpen sin oghHåpar de tar kontakt innimellom og fortel korleis det går.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tella Tella

 

På Vestlandets Fuglehundfestival si utstilling siste helga i mai, oppnådde vår eigen Tella Excellent lørdagen. Takk til Mette Eknes for at du stilte henne for oss! Kullbror Tinn-Tellus fekk Excellent med CK lørdagen og slo til med sitt føste CERT dagen etter. Me er stolte og gratulerer eigarane Sissel og Endre Gunnar Bergesen så masse!!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tinn-Tellus med CERT Tinn-Tellus og Sissel Bergesen

 

 

 

 

14. april:

 

Kvalpane veks og trivst og Inka er flink mor. Nye

bilder av dei små finn du på kullets eiga side

CIB-kullet.

 

 

 

 

7.april:

 

CIB-kullet er fødd! Det vart 3 tisper og 4 hannar. Les meir om kullet på Nytt Kvalpekull og på CIB-kullet.

 

 

 

 

 

 

 

 

2. april:

 

Tella og Tom stilte på vinterprøven på Geilo i helga og det gjekk veldig bra: 2. VK fekk ho! Ikkje verst det av unge Tella. Er kjempefornøgd. Så langt har Tella:

 

1 stk.3.uk høgfjell høst

3 stk.1uk høgfjell høst

1 stk 1.uk høgfjell vinter

1 stk.1,derby kvallik

1 stk 5.derby semi

1 stk 1.ak skog

2 stk 2.vk høgfjell vinter.

 

Ho vart og vinnar av Hallingcupen 2016! Les meir her.

 

Me er glade og ganske stolte av henne!!

 

I tillegg fekk Tinn-Tellus ein ny 3AK på Geilo. Gratulerer til Sissel og Endre-Gunnar Bergesen!

 

23. mars:

 

Stort grattis til A-kullet som fyller 7 år i dag ;) Håpar alle har det bra og kosar seg ;)

Rart å tenkje på at det alleireie er 7 års sidan vår kjære Zanni fekk sitt første kvalpekull og me starta hundeoppdrettet vårt med kennelnanmet Skåtfjellet. Det har vore, og er, spanande og lærerikt og me har vorte kjende med mange flotte hundefolk ;) I april ventar me vårt tredje kull. Les meir om dette kullet lenger nede på sida. Bilda under er av Azh-kullet:

 

 

 

16. mars:

 

På høg tid med ny oppdatering. Det har skjedd litt sidan sist, både på premieringsfronten og oppdrettsfronten. Me startar med resultata. På årsmøtet i NVK Hordaland vart det heile 4 pokalar på Kennel Skåtfjellet:

Vår eiga Tella vart Årets Unghund og Årets Vorsteh og Tinn-Tellus til Sissel og Endre Gunnar Bergesen vart Årets mest framgangsrike tidl. upremirte og Årets Allround hund. I tillegg fek han NVK Hordalands vandrepokal for beste hund på klubbens apportprøve på Askøy i sommar. Stor gratulasjon til Sssel og Endre-Gunnar!!! De har gjort ein topp jobb med denne hunden!

 

Stolt Tinn-Tellus med sine pokalar.

 

Tella vart i tillegg Årets Unghund høst både i NVC-cupen i Norsk Vorstehhund Klubb og i Årets UnghundVestlandets Fuglehund Klubb!!!

 

10. mars deltok ho for første gong i VK og jammen slo ho ikkje til med 2VK!!! Er så fornøgde med denne hunden og me gler oss til fortsetjinga med henne.

 

Nytt kvalpekull:

 

Inka er parra med Balto til Aksel Mowatt-Larsen. Om alt går som me håpar, blir det dermed eit nytt kvalpekull her hos oss. Termin er rundt 9.-10. april.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Litt info om kullets foreldre:

Balto, Regnr NO38256/13, er etter Aron, (10454/06)  og Ulvesvollens FTF Ylva (18753/07). Han er ein avbalansert overskuddshund som 10. mars fekk ein flott 3VK på Gaularfjellprøven. Frå før har han 1. og 2.AK skog. Han er ung og sprek, og me er rimeleg sikre på at han kjem til å koma fleire gongar på listene i VK :) Hans foreldre har svært gode resultat å vise til så me forventar gode jakthundar frå denne kombinasjonen.

 

Vår eiga Inka er ein super viltfinnar og ho har både 1UK og 1AK på jaktprøver og apportprøvar. På utstilling har ho excellent. Ho er dessutan ein svært snill og omgjengelg hund og det legg me stor vekt på at våre hundar skal vere. Les meir om henne på hennar eiga side.

 

Ingen tvil om at dei to treivst i lag iallefall:

 

 

 

--------------------------------------------------------------------------------------------

Kontaktperson: Tom Lilletvedt, tlf 90884186, e-post: lillet2@online.no