Nyheter2014_2013

Kennel Skåtfjellet

Oppdrett av korthåra vorsteh

Nyheiter 2014

14. desember:

No har alle kvalpane, unntatt Tella som me har sjølv, flytta til sine nye heimar og funne seg godt til rette. Dei har fått sine eigne sider her på skaatfjellet.no. Desse vil bli oppdaterte etterkvart. Sidene ligg under Bzt-kullets side.

Tella si side finn du i menyen til venstre.

Zanni på luftetur med to av dei små før dei reiste.

7. november:

Nye bilder av kvalpane:

Tellus ventar på mat og kos

Whiskey kosar seg.

 "Gje oss mat. Me er kjempeklare for det no!"

"Nam, nam. Smakte like godt som de lukta, jo... "

Fleire bilder av kvalpane lagt ut på Bzt-kullets side.

 

1. november:

Zanni har fått nytt navn:

Ho vil helst titulerast N J(K)CH Birkeskogens Zanni frå no av ;)

Me er stolte av denne herlege og gode hunden vår!

N J(K)CH Birkeskogens Zanni

24. oktober:

         

Vesle Pipa slappar av etter god mat frå mor Zanni ;)

Her kan du sjå film av kullet saman med mor Zanni og "tante" og storesøster Inka:

Zanni matar dei små.   (varer ca 5.5 minutt).

Fleire bilder her.

13. oktober:

Kvalpane veks og har det bra. No har dei opna augene sine, men det vil enno ta ei lita stund før dei ser og høyrer godt. Dei blir stasdig meir aktive, og to har allereie prøvd å komme seg ut av kvalpekassen.

Heile gjengen samla.

Tellus, Spa-Dam og Whiskey

To bestevennar.

Fleire bilder av dei, finn du her.

9. oktober:

Kvalpane har hatt sin første tur inn i stova og far til B-kullet, Stallogaisas Tell tok NM- Bronse med korthåra Vorstehlaget i NM Lag Lavland. Sjå bilde og les meir om dette her.

Sjå bilder på Bzt-kullet og les om Tell her.

8. oktober:

Inka gjekk i over 90 minutt og hadde fuglearbeid utan reis på Stordprøven 4. oktober. Dette resulterte i ein flott 2AK Skog!!!

Inka der ho likar seg best: på jakt ein flott høstdag ;)

1. oktober:

Kvalpane er fødde.

Det vart 3 tisper og 3 hannar. Det går fint med alle og Zanni er ei god mor og stellar og stullar med dei, og ser til at dei har det fint.

"Best å sjekke at alle har det fint og får i seg mat"

Alle har funne seg ein patte og smattar og kosar seg. Zanni prøver

å få slappe litt av, og.

Les meir om kullet på Bzt-kullet eiga side.

Vil du lese meir om oss på kennel Skåtfjellet, kan du gå til Om Oss.

24. september

Zanni har lagt godt på seg og forventa fødsel nærmar seg. Kvalpekassen er klar og Zanni syntes det var på sin plass å sjekke ut at den er slik ho vi ha den ;)

"Godkjendt og bra denne ;)" meinar Zanni

Bilde av Tell er lagt ut på BZT-kullets side.

2. september

Då er det bekrefta ved ultralyd: Zanni er drektig!! Om alt går bra framover, vil dermed Kennel Skåtfjellets 2. kull (BZT) bli født om ikkje så altfor lenge. Far til kullet er Stallogaisa's Tell. Les meir om kombinasjonen her.

Interessert i kvalp frå denne kombinasjonen, ta kontakt på lillet2@online.no eller tlf. 90884186

 

26. august

Høstens første jaktprøve

Zanni var i form i helga og fekk ein flott 2VK på VFKs prøve i Raggsteindalen 22. august. Ho gjekk dermed vidare til VK Finalen, men lukkast ikkje heilt der så det vart dessverre ingen premie på oss i finalend. Men Zanni søkte godt, så me er godt fornøgd med henne! Inka gjekk og vidare til finalen, men det vart ingen premie på henne. Det er nye sjansar kommande helg, så det blir spennande!

Birkeskogens Zanni

9. august:

Skåtfjellet har fått sin første champion!!

3. august fekk Skåtfjellets Azh Silva sitt 3. Cert på jakthundutstillinga på Båstad og har dermed oppnådd krava til Norsk Utstillings Championat! I tillegg slo ho like godt til med å vinne Gruppe 7 og deretter vinne Best In Show finalen! Me er stolte og glade og gratulerer eigar Mette Eknes så mykje! Me set stor pris på at eigar Mette reiser rundt og stiller ut Silva og dermed profilerer kennelen vår! Takk for det, Mette!

Dommer Bo Wallin med BIS-rosetten, Mette Eknes og Silva

(Foto: Jeff Eastmead)

Silvas veg til championatet

Silva fekk sin 1AK på Stordprøven 29. september i fjor og stillte for første gong i Bruksklassen på utstilling på NKK Bergen i april i år. Resultatet der vart CERT, CACIB og Best i Motsatt kjønn (BIM). På Vestlandets Fuglehundfestival i mai, kom det 2. CERTET og Silva vart Best i Rasen (BIR) og nr. 3 i Best in Show (BIS)-finalen.  I juni vart det Excellent og vinnar av bruksklassen på Rogaland Fuglehund klubb si utstilling i Sandnes. Så tok dei altså storeslem med sitt 3. CERT, Best i Rasen (BIR), Best i Gruppa (BIG) og Best in Show (BIS) på Båstad. Dermed var krava til Norsk Utstillings-Championat oppfyllt! Me er stolte og glade!

Silva i ringen

24. juni

Både Zanni og Inka fekk 1AK apport på Askøyprøven 22. juni!! Zanni vart beste AK hund med 29 poeng!!

Silva vann bruksklassen med Ecxellent på Rogaland Fuglehundklubbs utstilling same dag.

27. mai

Skåtfjellets Azh Silva fekk sitt 2. cert og vart BIR og BIS3 (nr. 3 i Best in Show finalen) på Vestlandets Fuglehundfestival 25. mai. No manglar kun ett Cert, så er ho Norsk Utstillings- Champion. Me gratulerer eigar Mette og Silva så mykje. Er stolte!

6. april

Cert og CACIB til Skåtfjellets Azh Silva

Me gratulerer Skåtfjellets Silva og eigar Mette Eknes med supre resultat på NKK utstilling i helga. Silva stilte for første gong i Bruksklassen og resultatet vart beste tispe, Cert, CACIB (innstilling til internasjonalt championat) og BIM (best i motsatt kjønn)!!

Silva

Til VK-finaler 3 helger på rad!

Det vart dessverre ikkje kvalpar på siste parringa mellom Zanni og Buno. Me vurdere å prøve igjen med ein ny hannhund seinare. I mellomtida får Zanni igjen vere jakt- og prøvehund og det har ho tydelegvis ingenting i mot. Ho viste raskt kva som bur i henne og kom like godt til finalen både på Mjølfjell- og på Geiloprøven trass minimalt med trening. På Geilo er det 3 dagars VK og Zanni kom heilt til finalen der ho var med til siste slutt. Dessverre vart det ingen fuglearbeid og dermed ingen premie, men er imponert over innsatsen hennar!

Inka var med i finalen både på Mjølfjell og Filefjell og i semifinalen på Geilo. Det vart dessverre ingen premie på henne heller, men synes det er bra å ha vore i finalen på dei tre siste prøvane; tre helger på rad!!

Inka i stand

9. februar

Då er Bruno tilbake og det er klart for ny parring av han og Zanni.

Meir info om det planlagde kullet finn du her.

2. januar 2014:

Kennel Skåtfjellet takkar for det gamle året og

ønskjer alle eit riktig godt nytt år!!

 

Kort oppsummering av 2013

2013 vart eit flott år for oss her på Skåtfjellet. Mange gode resultat vart oppnådd i løpet av året. Tom førte heile 4 ulike hundar til topp premieringar 3 ulike typar jaktprøvar: vinter, skog og høst.

Skåtfjellets Azh Inka

1AK, Geilo  (vinter)

Skåtfjellets Azh Silva

1AK + 2AK skog, Prøvens beste hund, Stord

Birkeskogens Zanni

1VK m/CK, Mjølfjell   (vinter)

N UCH Rugdelias OZC Lita

3VK Cacit finale, Raggsteindalen  (høst)

Med Inka oppnådde Tom i tillegg 1AK Apport på Askøyprøven og saman med 1AK frå jaktprøve tidlegare, vart dermed 1AK samlekombinert oppnådd! Dette er me svært glade for og stolte av!!

I tillegg førte Jørund Brekke Skåtfjellets Azh Samba til 1AK på Geiloprøven. Dermed vart 3 kullsøstre frå A-kullet klare for VK same året!! To av dei på same prøven. Heilt supert!

Her sit tre av hundane Tom hadde full klaff med i år:

Silva, Zanni og Inka

Parringa av Zanni og Bruno vart det dessverre ikkje noko resultat av, men det blir ny parring så snart Zanni får si neste løpetid!

Me gler oss til å sjå kva 2014 bringer.

29. september:

Skåtfjellets Silva slo til med 1AK på Stord i dag!! Dermed har 3 av kullsøstrene 1AK og er klare for VK i vinter!! Blir spennande tider framover.

Gratulerer til eigar Mette Eknes som har gjort eit flott grunnarbeid med denne hunden!

28. september:

Tom førte Skåtfjellets AZH Silva til 2AK skog på Stordprøven i dag ;)

Dermed er 3 av hundane frå A-kullet premierte i AK.

Silva poserer så stolt med Røy skoten i Trysil

26. september:

Etter sjekk hos dyrlegen viser det seg at Zanni har gått tom. Dermed blir det ingen kvalpar denne gongen dessverre. Me prøver igjen med same kombinasjon på Zannis neste løpetid.

25. september:

Saman med gode jaktkompisar starta Tom jaktsesongen i Trysil i år. Heile 4 kullsøstre frå Skåtfjellets A-kull var med.

Søstrene "sisters" i Trysil: Samba, Inka, Black Susie og Silva

 

Skåtfjellets Silva til Mette Eknes, viste at ho hadde erfaring i skog og fann både orrfugl, tiur og røy.

Tom og Silva med Røya som vart skoten for henne

Det var ein fin start på jakta og alle hundane viste gode takter.

Jørund Brekke og Samba med Røy som vart skoten for henne.

I løpet av første veka av jaktsesongen vart det skote fugl for alle dei fire søstrene. For Silva og Samba i Trysil og for Inka og Black Susie til Torbjørn Søgaard i jaktterrenget Tom leiger her heime.

Tom og Inka med nyskoten orrfugl.

12. august:

Zanni og Bruno vart parra i helga!

 Dermed er det berre å vente og håpe det blir født friske og fine kvalpar om ca 2 månader ;) Blir spennande.

Zanni og Bruno slappar av med solbading

Bruno forsikrar seg om at Zanni er klar for parring.

Ta kontakt om du er ute etter ny jakthund og ønskjer kvalp frå denne kombinasjonen: tlf 90884186 eller email: lillet2@online.no.

26. juli:

Då har Zanni fått løpetid, så no er det ikkje mange dagane før det blir parring mellom henne og Sognexpressens CCL Bruno.

Bruno

Zanni

Begge hundane er godt meritterte og godkjendte for avl i Norsk Vorstehhundklubb. Nærmare info om Zanni og Bruno finn du her.

Interessert i kvalp etter denne kombinasjonen, ta kontakt på tlf 90884186 eller email: lillet2@online.no.

26. juni:

23. juni var Zanni og Inka "hestar" framfor vogna til det flotte Jonsokbrudeparet på Oppheim. Sigrid og Marita ser til at alt går rett for seg ;)

Jonsokfeiring med jonsokbrudepar, brudefølgje og ekte "hundehestar"

framfor vogna ;)

25. juni

15. og 16. juni arrangerte NVK Hordaland apportprøve på Askøy. Tom lurte lenge på om han skulle stille Inka eller ei. Til slutt fann han ut at det skulle han, og det var ikkje så dumt. Inka gjorde jobben så bra at det vart 10 på alle tre øvelsane og dermed ein klar 1AK apport! NVK Hordaland kårar kvart år beste UK- og AK-hund på lørdagen og desse får ein Vandrepokal i sitt eige fram til neste års prøve. Tom og Inka vann denne i fjor og hadde den dermed med seg nedover til Askøy i år. Med Inka's supre resultat, vart pokalen like godt med opp att til Oppheim ;) Det me er mest fornøgd med er nok likevel at Inka med sin 1AK apport og 1AK vinter (april 2013), no har 1AK samlekombinert!!

Inka poserer stolt med pokalen.

5. juni

Helga 24.-26. mai deltok me på Vestlandets Fuglehundfestival. Det var eit variert program med mellom anna gode og interessante foredrag, apportkonkurranse og to utstillingar. Inka vart stillt kun lørdagen og fekk god kritikk og Excellent! Silva til Mette Eknes, fekk Excellent om lørdagen, vann åpen klasse med Excellent og CK, og vart 2. beste tispe bak Champion Rugdelias L'Aquila som vart BIR og 2BIS, om søndagen.

Me gratulerer Silva og Mette så mykje med flotte resultat!

Skåtfjellets AZH Silva med CK-rosetten sin.

Tom var med å arrangere apportkonkurranse og det var stor oppslutnad om denne.

Tom og Børge Follesøy (NVK) saman med vinnarane av apportkonkurransen, Helge Pedersen med pointer Luna og Arnstein Haugen og IS Moira.

10. mai:

Lagt inn meir info om Bruno på B-kullets side.

3. mai:

B-kullets side er oppdatert med prøveresultat for Zanni og Bruno.

1. mai:

Då er hannhund for Zannis neste kull bestemt.

Det blir Sognexpressens CCL Bruno eigd av Øystein Eriksen.

  foto: Øystein Eriksen

Meir info om denne hunden her.

14. april:

Geiloprøven vart ein ny opptur for Skåtfjellet.

På prøvens første dag, fredag 12.4, slo kullsøstrene Samba og Inka til med flotte søk og godkjendte fuglearbeid. Dette resulterte i 1AK til begge to!! Me er superstolte! Dette var stort! No er altså Inka og Samba klare for VK ;) Stort grattis til flink kvalpekjøpar og førar av Samba, Jørund Brekke! Blir spennande tider framover.

Inka og Samba etter super innsats på Geilo.

8. april:

Super helg for Kennel Skåtfjellet på Mjølfjellprøven

I helga stillte me Zanni, Inka og Silva på Mjølfjellprøven. Zanni stillte i vinnarklassen på lørdagen og ho var i storform. På vekslande føre søkte ho godt og varta opp med heile 3 godkjendte fuglearbeid!! Det var ein svært spennande dag med svært gode hundar.  Heile 7 av VK-hundane hadde godkjendte fuglearbeid og totalt sett vart det 11 godkjendte fuglearbeid i klassen! Dette er ikkje kvardagskost så desto meir spennande vart det. På slutten av dagen vart det klart at vinnaren, ja, det vart vår eigen Zanni! Ho fekk tildelt 1.VK med CK og jubelen kunne sleppast laus på Kennel Skåtfjellet. Dette var stort og me er stolte av vår gode hund, Zanni!

Tom og Zanni

På søndagen var det to av avkomma til Zanni som skulle i elden. Silva starta lovande, men bandt seg og lukkast dessverre ikkje denne gongen. Ho treng meir erfaring og trening, så ho blir nok prøvd igjen ved ein seinare anledning. Inka, derimot, viste nok ein gong at ho kan prestere på prøve. Ho slo til med godkjendt fuglearbeid og fekk tildelt ein flott 2AK! Dette er hennar 3. AK-premie denne vinteren, så me er godt fornøgd med dette.

Tom og Inka

11. mars:

Skåtfjellet's Inka tok ein ny 3AK på Brandsetprøven i går, 10. mars.

7. mars:

Då er det på høg tid med litt oppdateringar om kennel Skåtfjellet. Det viktigaste først: Me planlegg å parre Zanni til våren/sommaren. Info om hannhund vil komme. Les meir om Zanni her. Er du interressert i kvalp, ta kontakt med oss på tlf. 90884186 eller email: lillet2@online.no

   Birkeskogens Zanni

 

Ellers har Skåtfjellet's Inka fått ein ny jaktpremie. Ho fekk 3AK på Gaularfjellprøven lørdag 23. februar.

Våre gode venner Bjarte Søgaard og Knut Steinar Skiple fekk begge 1AK på sine hundar Fudge og Rocky. Me på Kennel Skåtfjellet gratulerer så masse!!!

IS Fudge til Bjarte Søgaard

ES Rocky til Steinar Skiple

5. mars tok Skåtfjellet's Silva apportbeviset, så no har 4 av kvalpane i A-kullet dette på plass. Me gratulerer Silva og eigar Mette så mykje.

Skåtfjellet's AZH Silva

 

 

Nyheter frå 2012 finn du her.

 

 

--------------------------------------------------------------------------------------------

Kontaktperson: Tom Lilletvedt, tlf 90884186, e-post: lillet2@online.no