Nyheter2012

Kennel Skåtfjellet

Oppdrett av korthåra vorsteh

Nyheiter 2012

 

21. juli:

Då er alle kvalpane i A-kullet røntga for HD, og alle er fri med A-hofter! Jippi!!

 

5. juli:

Helga 15.-17. juni gjekk Vestlandets Fuglehundfestival av stabelen i Espeland Leir. Skåtfjellet var representert med Inka, Zita, Silva og Su på lørdagen og Birk, Inka og Silva på søndagen. Takk til flinke kvalpekjøparar som kjem og stiller hundane sine.

Silva strålte og innfridde på lørdagen. Ho tok sin strake excellent med CK for tredje gongen på rad! Supert!! Me gratulerer eigar Mette og Silva så mykje!

Silva deltok og i agilityoppvisninga på søndagen og ho viste mellom anna ein flott slalom.

Foto: Monica Finsrud Grimstad

Silva med sin CK

Inkas handlar for helga var Marita og ho gjorde ein flott jobb! På lørdagen deltok ho og veninne Cathrine i barn og hund konkurransen. Marita med Lita til Torbjørn og Cathrine med Inka. Dei gjorde ein flott jobb i ringen og me håpar det gav meirsmak slik at dei blir med ein annan gong, og :)

Foto: Mette Eknes

Marita og Lita i flott driv.

Foto: M. Eknes

Inka flott oppstilt av flink førar Cathrine.

Ellers vil me gratulere Torbjørn Søgård og Rugdelias Lita med BIR og 3BIS på lørdagen!! Supert! Gratulerer og så mykje til kennel Rugdelia som fekk HP i både oppdrett og avl beggge dagane og vart BIS med Rugdelias Luzilla!

10. juni:

I helga arrangerte Hordalandsgruppen, Norsk Vorsteher Klubb, sin årlege apportprøve på Askøy. Inka vart stilt for første gong i AK og ho skuffa ikkje. Ho har ikkje fått så mykje trening før prøven i år, men klarte likevel å prestere til 2AK lørdag og 1AK!! søndag. Ho vart kåra til beste AK hund lørdag og fekk dermed med seg NVK Hordalands vandrepokal i apport. Er kjempefornøgd med denne hunden!

           Inka med rype, foto: Tom

 

I tillegg har Skåtfjellets AZH Black Susie tatt apportbeviset og har A-hofter (HD-fri!).

27. mai:

Då er Skåtfjellets AZH Inka og Skåtfjellets AZH Timax røntga og begge har A-hofter, dvs. dei er HD-frie!! Dette er svært gode nyheter. Takk til gode kvalpekjøparar som ser viktigheten i å sjekke HD-status på hundane sine!! Det er viktig både for avlen vidare og for livskvaliteten til hundane.

Timax. Foto: Annica Westman

20. april:

Skåtfjellets AZH Samba tok apportbeviset 31. mars. Gratulerer så masse til Jørund og Samba ;)

27. mars:

Inka debuterte i AK på Filefjellsprøven 25. mars. det vart ingen premie, men ho fekk god kritikk, så me er stolte av henne ;)

24. mars:

Zanni fekk 2VK på Filefjellsprøven i går, nøyaktig 2 år etter at hennar første kull vart fødd :) Ho vart dermed kvalifisert til finalen i vinnarklassen og startar der i dag. Spennande.

Zanni er klar :)

23. mars:

I dag er det nøyaktig 2 år sidan A-kullet vart fødde. Tida har gått kjempefort og hundane har det bra. Så langt har to av kvalpane fått jaktpremiar og 2 fått apportpremiar. Alle har vore stilt på utstilling og fått gode kritikkar og resultat. Dei to som er røntga, har begge A-hofter. Me er veldig fornøgd med dei alle saman. Gratulerer med 2 års dagen til Birk, Timax, Black Susie, Samba, Silva, Zita og Inka :)

Her er mor Zanni med to av sine "små": Inka og Silva

Den stolte mor, Birkeskogens Zanni.

16. mars:

I dag vart 3 av hundane frå A-kullet stillt på Mjølfjellprøven og to av dei fekk premie! Inka fekk ein ny 2UK og Samba tok sin andre 3UK. Silva jobba bra og fekk 4 slepp men kom ikkje i fugl så ingen premie på henne dessverre. Gratulerer så masse til Jørund og Samba og til Bjarte som fekk ein ny 1UK på sin hund!!! Imponerande og heilt supert :)

Inka imponerer og med å ta premiar på dei fleste startane ho har. Ho har teft for å finne fugl. På årsmøtet til VFK fekk ho pokal for å ha vunne unghundtrofeet for 2011.  

Inka poserer med unghundtrofeet sitt ;)

12. mars:

Me vil gratulere Torbjørn Søgaard og Rugdelias Lita med 1VK!!! på Brandsetprøven i helga :) Kjempeflott!!! Jan og US Diego fekk seg ein ny 2UK. Gratulerer så mykje!

Torbjørn og Lita

9. mars:

Starten på vinterens jaktprøvesesong har vore god for Skåtfjellet. Skåtfjellets Inka fekk seg ein ny 2UK på Gaularprøven forrige helg og i dag fekk kullsøster

Samba sin første premie. Gratulerer så mykje til Jørund

og Samba med 3UK på Hemsedalsprøven i dag ;)

Flott jobba!!

Ei ung Samba i stand på rypevinge.

I tillegg klarte våre venner Bjarte Søgaard og Jan Christian Jersin å få kvar sin premie på sine hundar i dag. Bjarte med 1UK og Jan med 2UK. Gratulerer så mykje!

26. februar:

Då er det snart tid for vinterprøvane og treninga er godt i gang.

Nedanfor ser de Skåtfjellets AZH Black Susie i stram rypestand.

4. februar deltok Zanni, Inka og Silva på Vestlandets Fuglehundklubb`s årlege klubbmesterskap, Bergensdekkenet. Dessverre var det ikkje fugl å finne den dagen, så vinnarane vart derfor kåra på bakgrunn av sitt søk. Det er alltids kjekkast når det er mykje fugl og gode fuglesituasjonar, men me hadde likevel ein fin dag i fjellet saman med kjekke fuglehundfolk og hundar ;) Flinke dommarar var Øystein Johnsen og Andreas Storegjerde. I UK vann Jan Christian Jersin med sin irske setter US Diego, mens det AK var engelsk setter Trollsteggens H-Rapp til Tove Lian Mathisen som vart kåra til den beste søkjaren. Me på kennel Skåtfjellet gratulerer så masse :)

26. januar:

På årsmøtet til NVK Hordaland på tirsdag vart det valgt nytt styre og utdelt vandrepokalar til årets hundar. Tom og Inka forsynte seg godt av premiebordet:

Heile 3 pokalar vart med heim til Oppheim :)

Inka med sine pokalar for:

Årets mest framgangsrike, tidl. upremierte 2011

Årets Unghund 2011

Årets Allround hund 2011

Dette er me sjølvsagt stolte over og ekstra kjekt når det er med sjølvoppdretta hund!

Inka med rype.

Nyheiter 2011 og 2010, finn du her.

--------------------------------------------------------------------------------------------

Kontaktperson: Tom Lilletvedt, tlf 90884186, e-post: lillet2@online.no