Kennel Skåtfjellet
Oppdrett av korthåra vorsteh
Skåtfjellet's BZT-kull
Mor: Birkeskogens Zanni
Far: Stallogaisa's Tell, eigd av Per Olai Stømner
Stallogaisa's Tell
Birkeskogens Zanni
1. oktober 2014:
Kvalpane er fødde: 3 tisper og 3 hannar. Her kosar dei seg med mor Zanni.
Zanni passar på at alle har det bra.
Les meir om Zanni og Tell her:
Premieringar Zanni
Jaktprøvar | Apportprøver | Utstilling |
1Uk vinter, 2008 1UK høst, 2008 1AK vinter 2009 3VK vinter 2009 3VK Finale vinter 2009 1VK/CK høst 2010 6VK vinter 2011 2VK vinter 2012 1VK/CK vinter 2013 2VK kvalifisering, høst 2014 | 2x1UK 2x3AK 1x2AK 4x1AK
Fleire gongar beste hund! | 1AK HP i avl og oppdrett for sitt første kull |
HD status: A
Zanni mista to sesongar på grunn av knekt hale, men ho klarte likevel å sanka godt med premiar.
Litt generelt om Zanni
Zanni er ei heilbrun tispe født 2007 hos kennel Birkeskogen. Heilt frå me fekk henne i hus viste ho oss at ho er ein fantastisk hund. Lettdressert og ein framifrå familiehund med godt gemytt. Ho viste tidleg kva som budde i henne jaktleg og har henta mange gode premieringar på jaktprøver. Sin hittil siste fekk ho 6. april 2013 på Mjølfjellprøven. Då vart ho prøvens beste hund med ein 1.VK med CK. Ho vart starta i Raggsteindalen 22. august i år, og der vart det ein fin 2.VK. Me er svært fornøgd med denne hunden og ønskjer å føre vidare hennar gode egenskapar i vår avl. Sitt første kull hadde ho i 2010 og frå dette kullet har me beholdt Inka. Ho har vist seg som ein god hund som det blir spennande å følgje vidare. Inka har 1AK både på jakt- og apportprøve og Ecxellent frå utstilling. Ho er dessutan ein super familiehund. Les meir om Inka her. Resten av kullet har og vist gode taktar. Dei har henta premiar både på jaktprøvar, apportprøvar, utstilling, lydighet og agility. Dei er omgjengelege, samarbeidsvillige og lettlærte hundar. Tre av tispene frå A kullet har 1AK på jaktprøve og 3. august 2014 vart ei av desse Norsk Utstillings Champion!!!
Jaktprøvar | Apport | Utstilling |
2x2UK 3x2AK 1x1AK 2x1AK Skog: Prøvens Beste Hund, Osen I, august 2013 2x3VK 3x1VK 1x1VK med CK, Kongsvoll, 2014
Tatt ut for å delta på laget til KV i NM som går torsdag 4, september på Kongsvoll!
3. plass (Bronse) på NM Lag Lavland, 9. oktober 2014!!!
|
| CERT |
HD Status: A
Litt generelt om Tell
Tell er etter Stallogaisa's Ayla og N UCH Bakgårdens FOB. Han er fødd 5.oktober i 2008 og har markert seg godt på jaktprøvar. Han har fleire gongar vorte prøvens beste hund.
Som familiehund er han roleg og behageleg. Han er kullbror til N S INT UCH NV-12 NV-13 Stallogaisa's Trixie som du kan lese meir om her.
9. oktober:
Tell var med på Korthårslaget som tok ein flott 3. plass (bronse) på NM lag lavland i dag, 9. oktober!! Fleire av avkomma etter Tell har gjort det godt på jaktprøvar. Rampen's RTE Flax etter N UCH Rampen's Extra og Tell, har allereie 2 x 2UK og 2 x 1UK på jaktprøvar og kom heilt til finalen i Norsk Derby for ståande Fuglehundar i år. Flax, som er oppdretta og eigd av Nina Smidtsrød, har og Cert på utstilling.
Stamtavla, og oversikt over etterkommarane, til Tell finn du her.
Frå kombinasjonen Zanni og Tell, forventar me å få hundar med stor jaktlyst samtidig som dei er samarbeidsvillige og har godt gemytt.
Fleire bilder av Zanni
Birkeskogen Zanni
Zanni
Zanni med sitt første kull i 2010
Meir info om dette kullet, finn du her.
--------------------------------------------------------------------------------------------
Kontaktperson: Tom Lilletvedt, tlf 90884186, e-post: lillet2@online.no